Liv Kari Eskeland (H): Korleis kan statsråden bidra til at godkjenningtida for søknader hjå UDI vert redusert (Dette gjeld spesielt for å få inn teknisk personell til bransjer som treng spesialkompetanse)?
Begrunnelse
Fleire bransjer slit med å få tak i kvalifisert personell, bilbransjen er ein av desse bransjane som er avhengige av dyktige folk på sine verksteder. Her benyttes det ofte bemanningsbyrå som har spesialisert seg på å hente inn personell fra utlandet for å dekke behovet. Disse opplever beklageligvis svært lange køer hos UDI for å få behandlet sakene, noko som medfører at tilgjengeleg personell har funne andre marknader innan søknaden er handsama. Det fører også til at UDI gjer arbeid som i neste omgang er verdilaust. Det kan ta opptil 5 månader for å få handsama ein slik søknad, noko som er uhaldbart både for firma som treng kompetansen og for firma som forsøker å få tak i dyktige folk.
Ein periode var dette for kritisk personell delegert til Sjøfartsdirektoratet, der ein opplevde at handsamingstida var nede i 1 døgn. Vi imøteser statsråden sitt framlegg til løysing.