Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1385 (2021-2022)
Innlevert: 25.02.2022
Sendt: 28.02.2022
Besvart: 04.03.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Flyruta Stord-Oslo har opplevd krevjande tider gjennom koronapandemien, og dette har gått ut over flytilbod med dårlege slott-tider for dei reisande, noko som igjen gir dårleg frekvens og passasjergrunnlag.
Vil departementet bidra til at ruta Stord-Oslo får tilbake sitt ordinære passasjergrunnlag med å lyse ut ein ny 6 mnd. kontrakt på denne flyruta?

Begrunnelse

Staten si støtteordning for kjøp av flyruter på Stord-Oslo gjekk ut ved årsskiftet, noko som medførte ei forverring av rutetilbodet ettersom operatøren DAT, som til då hadde hatt anbodet, måtte nedskalere og omprioritere sine fly og ressursar. Trass dårlegare tilbod og flytider, har likevel dei attraktive avgangane hatt god oppslutning hjå publikum, medan dei tidene som ikkje tener næringsliv har hatt lågare passasjerdekning.
Departementet er no blitt gjort kjend med at DAT på ny må gjera omprioriteringar, noko som på ny vil gje eit ytterlegare dårleg tilbod for dei reisande mellom Sunnhordland og Oslo. Dei nye rutetidene skal gjelde frå 1. mars 2022.
Vi vonar difor at departementet ser at staten må spele ei viktig rolle med å bidra til flykjøp for å få passasjergrunnlaget opp på eit meir normalisert nivå i denne perioden vi no er inne i, der næringslivet prøver å kome attende til ein normal kvardag, og der infrastrukturen som flyrutene er, spelar ei viktig rolle for å få dette til.
Basert på at det er sett av pengar til å vurdere kjøp av flytenester, og den forverra frekvensen DAT legg opp til, ber vi departementet stadfeste at dei ser at flyruta Stord-Oslo har trong for statleg hjelp til å etablere eit tenleg rutetilbod, og at departementet lyser ut denne strekninga snarast.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Flyruta Stord–Oslo vart etter to oppmodingsvedtak i Stortinget inkludert i det mellombelse pandemirelaterte kjøpet (minstetilbodskjøpet) av ruter som til vanleg er drivne på kommersielle vilkår. For Stord–Oslo si del var ruta omfatta av ordninga i perioden 1. april 2021 til 31. desember 2021. Sidan kjøpet vart avslutta, har det ikkje vore gjennomført minstetilbodskjøp på ruta Stord–Oslo eller på andre ruter.
Etter omikron-utbrotet vart det i desember innført nye smitteverninnstrammingar. Regjeringa la derfor i januar fram forslag til ei rekke kompenserande tiltak for Stortinget. Dette inkluderte mellom anna ei løyving til moglege nye minstetilbodskjøp dersom kommersielle samfunnskritiske ruter fekk eit vesentleg svekka rutetilbod, eller midlertidig vart lagt ned som følgje av smitteverntiltak. Midla vart foreslått sett av til første kvartal 2022, noko Stortinget slutta seg til, jf. Prop. 51 S (2021-2022), Innst. 119 S (2021-2022).
Etter dette vedtaket er smitteverntiltaka fjerna, og vi nærmar oss no slutten av første kvartal 2022. Eg meiner difor at føresetnadene lagt til grunn i behandlinga av eit mogleg minstetilbodskjøp i Stortinget ikkje lenger er til stades. Samstundes vil eg påpeike at minstetilbodskjøpa har vore gjort utanfor dei normale prosedyrereglane for flyrutekjøp. Dette har vore grunngjeve med at vi har stått i ein krisesituasjon som ein ikkje kunne sjå kome då reglane vart utforma. Med fjerninga av smitteverntiltaka mv. er det på dette tidspunktet meir juridisk krevjande å gå inn med denne typen kjøp.
Neste rullering av kontraktene i Sør-Norge for ordninga med statlege kjøp av flytenester, dei såkalla FOT-rutene, skjer frå 1. april 2024. Før dette skal det også gjennomførast ei høyring, der det vil vere høve til å kome med innspel om ruter ein meiner bør vere ein del av FOT-ordninga.