Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1433 (2021-2022)
Innlevert: 02.03.2022
Sendt: 03.03.2022
Besvart: 11.03.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselministeren leggje fram dokumentasjon på prognoser for totalt årleg CO2-utslepp for Møreaksen sin forventa totaltrafikk frå Vik til Bolsønes, dette målt opp mot dagens utslepp?

Begrunnelse

Lastebileigarforbundet har i fleire anledningar framvist dokumentasjon på at ved ein undersjøisk giganttunell på det planlagte fjordkryssingsprosjektet E39 Møreaksen, vil det bli betydeleg auka CO2-utslepp. Lastebileigarforbundet viser til at ved 240 stk. 50 tonns vogntog pr dag over Møreaksen så vil dette medføre 2232- 3456 tonn CO2-utslepp pr. år. Dette er målt frå tunellens lavaste punkt og opp stigninga. i tillegg blir det betydeleg stigning opp frå Vik til Ørskogfjellet, samt over Julsundbrua og gjennom Molde og mange rundkøyringar der.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det er rekna klimagassutslepp for alle dei store vegprosjekta som er prioritert i Nasjonal transportplan 2022-2033, også for E39 Ålesund-Molde. Klimagassutslepp frå prosjektet er vurdert i alle dei fire statlege utreiingane som er gjort sidan 2011. I desse utrekningane er det vist netto endringar frå dagens situasjon til ein situasjon med ny veg. Høgdeforskjellar blir lagt inn i modellane. Alle utgreiingane syner at klimagassutsleppa frå transport aukar som følgje av nye veg på strekninga samanlikna med dagens situasjon. Partiell berekning for delstrekninga Vik – Bolsønes ble ikkje gjort i desse utgreiingane. Statens vegvesen har i samband med planlegging etter plan- og bygningslova rekna klimagassutslepp frå transport på dei einskilde planstrekningane.
Statens vegvesen arbeidar med eit grunnlag for finansieringsopplegg for eit første byggesteg for E39 Ålesund-Molde. Statens vegvesen vil rekne klimagassutslepp frå dette byggetrinnet og ta det inn i grunnlaget for vedtak som vert sendt til dei aktuelle kommunane og fylkeskommunen. I dette arbeidet vil det også bli rekna på eit samla anslag for klimagassutslepp frå transport på delstrekninga E39 Vik i Vestnes kommune til Bolsønes i Molde kommune. Opplysningar om klimagassutslepp skal vere del av forslaget som blir lagt fram for Stortinget.