Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2768 (2021-2022)
Innlevert: 31.08.2022
Sendt: 31.08.2022
Besvart: 07.09.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Meiner samferdselsministeren at dette er akseptabel standard på innanriks ferjer på ein stamveg på eit av landets største ferjesamband, og vil samferdselsministeren gjere noko med dette?

Begrunnelse

Den 15 og 18 juli i år vart det observert mykje vatn på dekk på ferja BF Tomrefjord, som går mellom Molde og Vestnes E-39. Det var så mykje vatn at ein ikkje kunne gå der med vanlege tennissko. Dette var også tilfellet ved passasjergangen. Det skjedde på normalt fine sommardagar.
Boreal trafikkerar dette sambandet, og rederiet har ikkje utbetra feilen slik eg har oppfatta dette.
Det skal angjeveleg være sendt melding til sjøfartsdirektoratet uten at ferja har blitt teken ut av trafikk eller stoppa. Ferja er fortsatt i drift etter det eg får opplyst.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen opplyser om at det er fleire ferjer i drift som har liknande design som M/F Tomrefjord. Designet er energieffektivt, men det er sensitivt for korleis fartøyet blir lasta.
Om fartøyet er tungt lasta i front, kan det kome vatn inn mellom ferjedekket og fallport når fartøyet gjer 14-15 knop. Dette er ikkje ideelt og ferjeselskapet Boreal Sjø, som driftar sambandet E39 Molde-Vestnes, arbeider med å finne løysingar for å redusere ulempene som dette gir.