Alfred Jens Bjørlo (V): Vil næringsministeren sørge for at Noreg snarast innfører reglar som begrensar marknadsmakta til store internasjonale teknologigigantar som Booking.com, slik at dei ikkje lenger får lov å hindre norske hotell i å tilby lavare pris direkte til kundane enn prisane oppgitt på dei internasjonale teknologigigantane sine digitale plattformer – noko som går ut over både norsk reiselivsbransje og forbrukarane?
Begrunnelse
Det siste tiåret har norske hotell ofte opplevd uakseptabel oppførsel frå dominerende «online travel agents» (OTAer). Dei har nytta seg av ein "take it or leave it"-strategi for å presse hotella: Såkalla prisparitetsklausular som gjer at teknologigigantane kan nekte norske hotell å tilby lavare pris direkte til kundane enn den som blir formidla via nettagentane. Både horisontale/breie (hotell kan ikkje tilby betre vilkår overfor andre OTAer) og vertikale/smale (hotell kan ikkje tilby betre vilkår frå eigne nettsider) paritetsklausuler er uheldig for både norske reiselivsbedrifter og forbrukarane.
EU har i sitt arbeid med det nye vertikale gruppeunntaket (VBER) og forordningane om digitale tenester (DSA) og digitale marknader (DMA) opna for å forby prisparitetsklausular. For å avgrense marknadsmakta til dominerande digitale portvoktarar (type Google og Booking.com), legg EU opp til å innføre eit forbod mot klausular som hindrar hotell i å tilby betre pris i sine eigne kanalar enn på plattformane til dei globale teknologi-gigantane.
Parallelt pågår det også nasjonale rettssaker mot prisparitetsklausular, der hotella har vunne over teknologi-gigantane blant anna i tysk høgsterett. I Europa er forbod mot smale prisparitetsklausular allereie innført i m a Østerrike, Belgia, Frankrike og Italia.
I Hurdalsplattformen skriv regjeringa at dei vil sikre norske reiselivsbedrifter i møtet med internasjonale plattformselskap. Når vi no ser at EU og fleire EU-land endrar sitt lovverk for å ta opp kampen med dei internasjonale teknologi-gigantane, burde det vere enkelt å få til også i Noreg med rask virkning. Norsk reiselivsnæring har m a peikt på ei konkret løysing heimla i eksisterande norsk konkurranselovgivning. Underteikna deltok også saman med m a Statssekretær i Næringsdepartementet på debatt om temaet under Arendalsuka i år i regi av NHO Reiseliv, der det var brei semje om at denne saka er viktig og må løysast raskt.
Å stoppe prisparitetsklausular som hindrar norske hotell og hotelleigarar i å konkurrere med globale teknologi-gigantar, vil forbetre rammebetingelsane og marknadssituasjonen til norske reiselivsbedrifter. Venstre meiner Norge bør ligge i forkant, ikkje på etterskot, av EU i dette arbeidet, og eg etterlyser difor framdrifta i saka.