Frank Edvard Sve (FrP): Det er full fyr i Nordmøre på grunn av kutt i fødetilbodet der. No har altså Helse Møre og Romsdal tenkt å skape same situasjonen for sørfylket i Møre og Romsdal ved å starte nedeskalering av fødetilbodet i Volda.
Kva vil helseministeren gjere for å hindre at fødetilbodet i Volda og Søre Sunnmøreregionen vert svekka ved sommarstenging av fødeavdelinga i Volda?
Begrunnelse
Det var trist lesing i media for dei tilsette ved Føden i Volda 14/12-22, der leiinga i Helse Møre og Romsdal foreslår å stenge føden i Volda om sommaren.
I Volda står 17,8 faste jordmødrer klare til å ta imot gravide og fødande i sommar, betre bemanna enn nokon gong.
Dette tilseier at alle stillingar er fylte. Det er med dette fem fleire jordmødrer i arbeid enn sommaren 2022. Drifta 2023 er grunna dette, planlagt utan bruk av vikarbyrå. Argumentasjonen til administrerande direktør Øyvind Bakke for sommarstenging av fødeavdelinga i Volda knytt til bruk av vikarbyrå, dette fell derfor bort.
Mange stiller oss undrande til at fødeavdelinga i Ålesund, utan problem har kapasitet til å ta imot våre gravide og fødande frå vårt distrikt i sommar, i tillegg til føde poliklinikk, omgåande hjelp, telefonar frå bekymra gravide, gynekologisk poliklinikk og omgåande hjelp, ultralyd poliklinikk/screeningundersøkingar, samstundes som dei skal avvikle ferie sjølve.
Ein har framleis til gode å sjå eit rekneskap over kva dei kjem til å spare på dette. Førre gang dette vart utprøvd (i 2007) var rapporten nedslåande, og konsekvensane så negative for dei gravide og tilsette at det vart anbefalt å aldri gjenta det. Eit slikt vedtak vil få store ringverknader og føre til utryggleik, bekymring og eit uføreseieleg tilbod til kvinnene i vårt distrikt. I 2007 reiste 1/3 av dei fødande til Nordfjord, no er ikkje lenger dette eit alternativ.
Helsedirektoratet har sendt ut ekstern høyring av utkast til ny nasjonal fagleg retningslinje for fødselsomsorg i Norge: «Helseføretaka skal sørge for at det organiseres en døgnkontinuerlig vaktberedskap, og en følgetjeneste for gravide og fødende med mer en 1,5 timers reise fra heimen til fødeinstitusjonen.» Denne vaktberedskapen vil gjelde svært mange av kvinnene i vårt distrikt. I 2007 vart det rapportert at HMR sparte 550 000 kroner på sommarstenginga. For 2023 vil det påløpe kostnadar med bakgrunn i at ein skal ha døgnvaktberedskap og følgetjeneste med jordmor, og ambulansetenesta vil ikkje kunne kompensere dette då dei fødande vil ta mykje av kapasiteten til følgetjeneste. Kommunehelsetenesta må også førebu det auka trykket frå bekymra gravide og nybakte mødrer midt i fellesferien, utan ekstra kapasitet til å gjere dette.