Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1202 (2022-2023) Innlevert: 31.01.2023 Sendt: 31.01.2023 Besvart: 06.02.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Liv Kari Eskeland (H): I 2015 vart det gjort endringar nettoføringsordninga for meirverdiavgift i nokre statsetatar. Dette medførte at m.a. Statens vegvesen etter dette kalkulerer alle prosjekta sine med full meirverdiavgift.Er det same gjorde gjeldande for jernbaneprosjekt, flyplassprosjekt etc.?
Jon-Ivar Nygård: Nettoføringsordninga for meirverdiavgift blei innført frå 1. januar 2015. Med nokre unntak gjeld ordninga for alle ordinære statlege forvaltningsorgan. To av dei ordinære statlege forvaltningsorgana som ikkje blei omfatta av ordninga, var Statens vegvesen og dåverande Jernbaneverket. Grunngjevinga for Statens vegvesen var at etaten har fast eigedom som er unnateke frå meirverdiavgift. Da nettoføringsordninga blei innført, var Jernbaneverket alt fullt ut meirverdiavgiftspliktig, dvs. fekk frådragsført all meirverdiavgift. Dette omfatta òg jernbaneprosjekta. Ved jernbanereforma fekk Bane NOR SF ansvaret for bygginga av jernbaneprosjekt. Som statsføretak er ikkje Bane NOR omfatta av nettoføringsordninga for meirverdiavgift, men er meirverdiavgiftspliktig. Avinor AS som har ansvaret for bygging av flyplassprosjekt, er som aksjeselskap heller ikkje omfatta av nettoføringsordninga for meirverdiavgift, men er meirverdiavgiftspliktig.