Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1630 (2022-2023)
Innlevert: 10.03.2023
Sendt: 10.03.2023
Besvart: 17.03.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Aleksander Stokkebø (H): Hvilke statlige virksomheter, herunder hvor mange arbeidsplasser, er etablert i byregionene til henholdsvis Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim, Kristiansand og Tromsø?
Det er viktig at staten tar i bruk den fantastiske kompetansen i hele landet, ikke bare i hovedstaden. Det er utvilsomt viktig å holde trykket oppe på nyetablering og utflytting av statlige arbeidsplasser til de øvrige storbyregionene og distriktene.

Sigbjørn Gjelsvik: Skiftande regjeringar har i perioden sida 2001 avgjort å legge ulike verksemder til dei nemnte byregionane, i tråd med dei til ei kvar tid gjeldande Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon. Dette er gjort enten ved å endre lokalisering av ei eksisterande verksemd, eller ved å etablere ny verksemd. Summert utgjer dette om lag 515 arbeidsplassar til Bergen, 240 arbeidsplassar til Stavanger, 320 arbeidsplassar til Trondheim, 200 arbeidsplassar til Kristiansand, og 55 arbeidsplassar til Tromsø. Statlege arbeidsplassar blir etter retningslinjene berre svært unntaksvis lagt til Oslo-området. Det er sida 2001 flytta ut om lag 800 arbeidsplassar frå Oslo til Ås og Lillestrøm. Det er berre om lag 30 prosent av statlege arbeidsplassar som er omfatta av retningslinjene. Eg gjer og merksam på at desse tala er omtrentlege, og eit overslag som bygger på informasjon frå sektordepartementa på tidspunktet avgjera blei treffen. Tala inneheld og informasjon om arbeidsplassar som er avgjort skal flyttast over noko tid. Det faktiske talet på arbeidsplassar i den einskilde sak kan difor avvike frå oversikten.