Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:383 (2024-2025)
Innlevert: 13.11.2024
Sendt: 14.11.2024
Besvart: 20.11.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei totaloversikt over beregningsgrunnlaget for ferjedrifta totalt ang. Møre og Romsdal gjeldande fylkesvegferjene, som bekreftar eller avkreftar påstanden frå fylkeskommunedirektøren om at ferjefinansieringa i fylket er underfinansiert med 230 million kr årleg frå staten?
Møre og Romsdal fylkeskommune ved fylkeskommunedirektøren hevdar at ferjedrifta som fylkeskommunen har ansvaret for, er underfinansiert med 230 million kr pr. år.
Det er tidligare lagt til grunn ein nasjonal ferjestandard med eigen beregningsgrunnlag/nøkkel, samt at det nyleg er regulert fordelingane av ferjemidlane mellom dei ulike ferjefylka.

Jon-Ivar Nygård: I Noreg er det fylkeskommunen som har ansvar for drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Det gjeld òg drift av fylkesvegferjene. For spørsmål knytt til berekningsgrunnlaget for drifta av fylkesvegferjene i Møre og Romsdal ber eg representanten ta kontakt med Møre og Romsdal fylkeskommune.