Spørretimespørsmål m.m.

Liste over muntlige spørsmål og spørretimespørsmål fra representantene til statsrådene, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved møtets slutt.

Avgrens utvalget

Finn spørretimespørsmål etter

Blakset, Leiv (21 - 36 av 36)

  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 11.04.1991

    Besvart: 17.04.1991 av kulturminister Åse Kleveland

    "Høgare utdanningsinstitusjonar etterlever jamt over ikkje mållova med tilhøyrande regelverk. Kva tiltak vil departementet setja inn for å få mållova etterlevd ved desse institusjonane?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til forsvarsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 11.04.1991

    Besvart: 17.04.1991 av forsvarsminister Johan Jørgen Holst

    "Ved flytting av standkvarteret for HV-10 frå Bergen til Jølster i Sogn og Fjordane vart det presisert, både i proposisjonen, innstillinga og i debatten i Stortinget, at det skulle bli auka militær aktivitet ved Firda Kaserne i Eid kommune. Den venta auken er ikkje komen. Kva vil statsråden gjere for å oppfylle intensjonane om auka aktivitet?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 13.02.1991

    Besvart: 20.02.1991 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Gudmund Hernes

    "I desember 1990 underteikna alle partia på Stortinget ein traktat frå "Renta ned-aksjonen" om utdanning og studiefinansiering. Eit av punkta i traktaten seier at det må utarbeidast ein handlingsplan for korleis dagens studiefinansiering skal vidareutviklast. Vil statsråden sørgje for at det i nær framtid vert utarbeidd ein slik handlingsplan?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 31.01.1991

    Besvart: 06.02.1991 av kulturminister Åse Kleveland

    "Ifylgje Firda for 26. januar 1991 skal berre 10 av Astrup sine 35 teikningar overførast til Astrup-tunet i Jølster. Meiner statsråden at dette er i samsvar med Stortinget sitt vedtak om at det meste av teikningane skal til Jølster, jf. Innst. S. nr. 131 for 1989-90 og ein samrøystes komitemerknad i Budsjett-innst. S. nr. 12 for 1990-91, der ein samrøystes komite uttaleer at ein føreset at dette vert fylgt opp av departementet?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til miljøvernministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 10.01.1991

    Besvart: 16.01.1991 av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen

    "Norsk Kulturforum har reist spørsmålet om å flytta bygnings- og fornminnevernet ut av den samla miljøforvaltinga og over til Kulturdeparte- mentet. Meiner miljøvernministeren at dette er i tråd med Innst. S. nr. 135 for 1987-88 om bygnings- og fornminnevernet, der eit klårt fleirtal, inkludert Arbeidarpartiet, gjekk inn for at bygnings- og fornminnevernet framleis skulle vera underlagt Miljøverndepartementet?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til fiskeriministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 15.11.1990

    Besvart: 21.11.1990 av fiskeriminister Oddrunn Pettersen

    "I forskriftene vedkomande likviditetslån til fiskeflåten i 1989 var det opna for at det kunne ytast lån til banklinefartøy. Forskriftene for 1990 er utforma slik at banklineflåten er utestengd frå ordninga. Mange av desse båtane har økonomiske problem. Kva er grunngjevinga for denne endringa, og kva vil statsråden gjere for å rette opp denne forskjellsbehandlinga?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til utdannings- og forskningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 09.05.1990

    Besvart: 16.05.1990 av utdannings- og forskningsminister Einar Steensnæs

    "Nervei i Gamvik kommune, Finnmark, har ikkje vegsamband og ikkje skulehus. 9 born i skulepliktig alder vert sende på internatskule frå første klasse av. Foreldra ønskjer eigen skule og meiner at departementet har eit ansvar i denne saka, mellom anna av di fleire av intensjonane i Mønster- planen ikkje vert oppfylte, i og med at borna vert sende til internatskule. Kva kan departemenet gjere for å løyse denne saka?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til samferdselsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 02.11.1989

    Besvart: 08.11.1989 av samferdselsminister Lars Gunnar Lie

    "Aukande bruk av campingbilar og turistbussar med toalett tykkjest å ha ført til auka ureining langs vegane. For å hindre slik ureining, som mange stader medfører store problem, må det bli betre høve til tøming av toalett og anna. Kva er gjort for å hindre slik ureining, og kva kan departementet gjere for å betre situasjonen?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til samferdselsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 29.03.1989

    Besvart: 29.03.1989 av samferdselsminister William Engseth

    "Kriteriane for tildeling av 50% statstilskott til store fylkesveg- prosjekt er at prosjektet skal gje veg til minst 50 personar, og berre gjevast innanfor ein total investeringskostnad på 340 000 kr. pr. person. Mange mindre bygdesamfunn fell utanfor denne tilskottsordninga. Vil statsråden vurdere å mjuke opp desse reglane slik at også mindre grendelag med høgare kostnad pr. person kan nyte godt av denne ordninga?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til samferdselsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 22.02.1989

    Besvart: 22.02.1989 av samferdselsminister William Engseth

    "Det er opplyst at Samferdselsdepartementet vurderer å legge ned den direkte flyruta mellom Sogn og Fjordane og Oslo, noko som vil gje lengre og dyrare reiser enn no. Fylket har alt no eit for dårleg flytilbod, og det har kome sterke reaksjonar mot ei eventuell nedlegging. Kan samferdselsministeren love at dette direkte flysambandet ikkje vert teke bort?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til finansministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 08.02.1989

    Besvart: 08.02.1989 av finansminister Gunnar Berge

    "I Innst. O. nr. 60 for 1987-88 uttalte fleirtalet i forbruker- og administrasjonskomiteen at livsforsikringsselskap som har ideelle mål/føre- målsparagrafar bør omfattast av same skattereglane som gjensidige selskap med omsyn til overføring av sikringsfondet til eigenkapitalfond. Andvake forsikring burde oppfylle dette kravet. Kva er statsråden sitt syn på dette?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til landbruksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 25.01.1989

    Besvart: 25.01.1989 av landbruksminister Gunhild Elise Øyangen

    "Spørsmålet om overføring av radioaktivt forureina tamrein til villreinområde i Sør-Noreg i staden for nedslakting med offentlege tilskot har vore teke opp fleire gongar, m.a. overfor Statsministeren, Landbruks- departementet og Miljøverndepartementet. Styresmaktene har ikkje avklara spørsmålet enno. Kva vil landbruksministeren gjere for å avklare dette spørsmålet?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til kirke- og undervisningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 23.11.1988

    Besvart: 23.11.1988 av kirke- og undervisningsminister Mary Kvidal

    "I "Lov om videregåande opplæring" er det slått fast at lærebøker må foreligge til same tid og til same pris på bokmål og nynorsk. Praksis syner at nynorskutgåvene svært ofte ligg føre på eit langt seinare tidspunkt enn bokmålsutgåvene. Kva vil statsråden gjere for å endre på dette, slik at intensjonane i nemnde lov vert følgde?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til kirke- og undervisningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 23.11.1988

    Besvart: 23.11.1988 av kirke- og undervisningsminister Mary Kvidal

    "Det er mangel på nynorske lærebøker til norskopplæring for innvandrarar. I kommunar som har nynorsk som skule- og administrasjons- målform vil innvandrarar møte ekstra vanskar fordi der ikkje er fullt samsvar mellom norskformene i læreboka og tale- og skrivemålet i kommunen. Kva vil departementet gjere for å rette på dette?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til kommunal- og arbeidsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 27.04.1988

    Besvart: 27.04.1988 av kommunal- og arbeidsminister William Engseth

    "Fylkesmannen i Troms har i brev til Kommunaldepartementet og Sosial- departementet av 12. januar 1988 peika på dei problema distriktskommunar står overfor ved utbygging innan helse- og sosialsektoren. Kva vil statsråden gjere med manglande dekning av kapitalkostnader ved institusjonsbygging innan helse- og sosialsektoren?"
  • Spørretimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til forsvarsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 02.03.1988

    Besvart: 02.03.1988 av forsvarsminister Johan Jørgen Holst

    "Av avisoppslag går det fram at problem med vedlikehald har sett kyst- vakta sine helikopter ute av drift. Dette er til stor skade for ressursover- vakinga og kontrollarbeidet på fiskefelta. Kva vil bli gjort frå departementet si side for å få løyst desse pro- blema så raskt som mogleg?"