Spørretimespørsmål fra Olav Akselsen (A) til kommunalministeren

Datert: 04.06.1992
Besvart på vegne av: Kommunalministeren
Besvart: 10.06.1992 av arbeids- og administrasjonsminister Tove Strand

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): "I fleire dagar har det rasa ein skog- og grasbrann på Stord. På eit kritisk tidspunkt i brannen, der mellom anna eit bustadfelt var truga, kom det ordre frå Hovedredningssentralen på Sola om av budsjettmessig omsyn å setja eit av helikoptra som vart nytta, på bakken. Direktoratet for brann og eksplosjons- vern sitt budsjett for brannslokking med helikopter var brukt opp.
Meiner statsråden det var rett å ta budsjettmessige omsyn der menneskes liv og helse og materielle verdiar for millionar av kroner stod på spel?"