Spørsmål
Syver Berge (Sp): "Luftambulansetenesta fungerer som ein samordna del av fylkeskommunanes akutt-medisinske tilbod. Eit tilbod som kan vera einaste helsetilbodet i akutte situasjonar ute i distrikta.
Vil helseministeren hjelpe til slik at fylkeskommunane får uttale seg om det nye "luftambulanseopplegget" før Sosialdepartementet går inn på nye driftsavtaler for luftambulansetenesta med 5-årig varighet?"