Spørsmål
Rita Tveiten (A): Sivilombodsmannen har i brev 12. mars 1998 gjeve Noregs Mållag medhald i ei klagesak som gjeld tolkinga av om ei rekke læremiddel som berre ligg føre på bokmål, kjem inn under jamstellingsreglane i lov om videregåande opplæring. Ombodsmannen ber vidare departementet vurdera retningslinjene for praktisering av krav om språkleg parallellitet på nytt.
Kva initiativ vil statsråden ta i denne saka?