Spørretimespørsmål fra Unn Aarrestad (Sp) til justisministeren

Om å offentleggjere saklista frå møta i Eksekutivkomiteen i Schengen-samarbeidet regelmessig for å stimulera debatten om Schengen-saka

Datert: 23.10.1998
Besvart: 28.10.1998 av justisminister Aud-Inger Aure

Unn Aarrestad (Sp)

Spørsmål

Unn Aarrestad (Sp): Fleirtalet i Stortinget vedtok 1997 at Norge skulle inngå ein samarbeidsavtale med Schengen-landa. Nå skal Regjeringa forhandla om ein ny avtale. For å stimulera debatten om Schengen-saka, er det avgjerande med maksimalt innsyn.
Vil statsråden regelmessig offentleggjere saklista frå møta i Eksekutivkomiteen i Schengen-samarbeidet fra og med førre møte, slik Den danske regjeringa gjer det overfor Folketinget?


Les hele debatten