Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om praksisen i einskilde kommunar og Kommunenes Sentralforbund med å _pressa tilsette til å slutta når dei er 67 år_, som kan føra til reduserte pensjonar
Datert: 08.01.1999 Besvart: 13.01.1999 av sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa
Hallgeir H. Langeland (SV): I Arbeidsmiljølova § 60 nr. 3 blir det stadfesta at alle arbeidstakarar har vern mot oppseiing fram til dei fyller 70 år. Einskilde kommunar og Kommunenes Sentralforbund har likevel ein praksis med å presse tilsette til å slutte når dei er 67 år. For nokre, ofte kvinner med kort yrkeskarriere, kan dette føre til reduserte pensjonar. Det er lova av så vel denne Regjeringa som den før å rydde opp i dette.Kva er gjort for å endre denne praksisen ?