Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om å få betre _norskundervisning og arbeidsmarknadstiltak for innvandrarkvinner_, då yrkesdeltakinga deira er særleg låg
Datert: 04.03.1999 Rette vedkommende: Kommunal- og regionalministeren Besvart: 17.03.1999 av kommunal- og regionalminister Odd Roger Enoksen
Laila Kaland (A): Arbeidsløysa hjå innvandrare er høg, og yrkesdeltakinga hjå innvandrarkvinnene er særleg låg. Ein del av desse kvinnene har låg utdanning, manglar norskkunnskap og har manglande kunnskap om det norske samfunnet. Det å få betre norskundervisning og at arbeidsmarknadstiltaka blir betre overfor innvandrarkvinner må vere ein bevisst politikk. På kva måte vil statsministeren og Regjeringa medverke til at dette målet kan gjennomførast?