Spørretimespørsmål fra Astrid Marie Nistad (A) til kulturministeren

Om å få skifta ut eit kabelanlegg som NRK bygde i Lærdal i 1972, og som no ikkje leverer gode nok signal til sjåarane

Datert: 19.03.1999
Besvart: 14.04.1999 av kulturminister Anne Enger

Astrid Marie Nistad (A)

Spørsmål

Astrid Marie Nistad (A): I bygda Lærdal i Sogn bygde NRK i 1972 eit kabelanlegg for at sjåarane som ikkje kunne få inn etersignal skulle få ta inn det noverande NRK1. Dette anlegget, som no vert eigt av Norkring AS, er utslite og kan ikkje levere gode nok signal til dei lisensbetalande sjåarane.
Vil statsråden syte for at denne kanalen vert skifta ut vederlagsfritt slik at desse sjåarane også kan ta i mot sendingane frå NRK1?


Les hele debatten