Spørsmål
May Britt Vihovde (V): Velferdstinget ved Universitetet og Høgskolen i Bergen ønskjer å setja i gang ei bussteneste mellom studentbustader og studiestader i byen. Slik meiner dei studentane kan få billegare kommunikasjon. Dei har no søkt om å få gjennomføre eit prøveprosjekt i to veker. I prøveperioden vil studentane kjøre vederlagsfritt, seinare vil ein ta betalt.
Korleis ser statsråden på denne bussdrifta, og kva vilkår må fyllast for at ei slik rute kan verta tillaten?