Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om å sjå til at søknaden av desember 1997 frå _Alta kristne grunnskole_ om godkjenning straks blir ferdig handsama i departementet
Datert: 21.10.1999 Besvart: 27.10.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun
Petter Løvik (H): Alta kristne grunnskole søkte i desember 1997 Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet om godkjenning. I september 1999 etterlyste skulen saka, og fekk etter nokre dagar eit svar der departementet ikkje eingong gir det minste signal om kor lang tid vurderingane av saka vil ta og kva tid skulen vil få svar på søknaden. Vil statsråden sjå til at denne saka straks blir ferdig handsama?