Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om at _Rv 60 Stranda-Hellesylt_, som har vore mykje stengd pga. ras og rasfare, er ein trussel mot liv og helse og eit stort problem for næringslivet i området
Datert: 06.04.2000 Besvart: 12.04.2000 av samferdselsminister Terje Moe Gustavsen
Petter Løvik (H): Riksveg 60 mellom Stranda og Hellesylt har i mars månad vore stengt samanhengande i 17 dagar, og dessutan i kortare periodar på grunn av mange ras og stor rasfare. Dette har skapt ein uhaldbar situasjon for både person- og godstransport. Vegen er ein trussel mot liv og helse, og skaper dessutan store problem for næringslivet i området. Kva vil statsråden gjere for å løyse desse problema?