Spørretimespørsmål fra Sigrun Eng (A) til fiskeriministeren

Datert: 10.05.2000
Spørsmålet er trukket tilbake

Sigrun Eng (A)

Spørsmål

Sigrun Eng (A): Det er ei kjent sak at avbemanna fyr raskt forfell, men innanfor stramme budsjettrammer meiner vel dei fleste av oss at pengane likevel skal brukast på tryggingstiltak. Desse kystens perler er det ei veksande interesse for ifrå einskildpersonar, men fyra bør i størst mogleg grad sikrast for ålmenta. Då kan det ikkje vera marknadspris som ligg til grunn, slunkne kommunekasser vil ikkje gjera slike prioriteringar dei heller.
Kva kan og vil statsråden gjera for å sikre desse historiske kulturminna?


Les hele debatten