Spørsmål
Petter Løvik (H): Sjøfartsdirektoratet vil no, etter "Sleipner"-ulykka, stille strengare krav til opplæring av hurtigbåtførarar. Eit spesielt viktig element her er simulatortrening. Høgskulen i Ålesund er langt framme når det gjeld simulatortrening. Dei har søkt 3 departement om tilskot for å kunne gi eit tilbod på hurtigbåtsimulator, men fått nei.
Vil statsråden ta initiativ, slik at ein kan få etablert eit slikt tilbod så snart som råd?