Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om at endringar av skattelova og likningspraksis utilsikta førde med seg sterkt negative konsekvensar for norsk ytremisjon, og om kva tid den nye lovendringa kjem
Datert: 31.01.2001 Besvart: 07.02.2001 av finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen
Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Tidlegare endringar av skattelova og av likningspraksis førde, heilt utilsikta, med seg sterkt negative konsekvensar for norsk ytremisjon. Dei to siste regjeringane har uttrykt positiv vilje til å retta dette opp. I Revidert nasjonalbudsjett 2000 vart det varsla at forslag om endring av skattelova på dette punktet ville bli sendt ut på høyring i 2000. Situasjonen er alvorleg for fleire misjonsorganisasjonar. Kva tid kjem lovendringa?