Spørretimespørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til finansministeren

Om å sikra meir stabile og forutsigbare rammevilkår for veksthusnæringa, som har hatt ein merkbar inntektsreduksjon m.a som følgje av høg oljepris

Datert: 04.05.2001
Besvart: 09.05.2001 av finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Dei landa som er mest aktuelle for eksport til Noreg av veksthusprodukt i den norske produksjonsperioden, t.d. Danmark og Nederland, har omfattande fritaksordningar for energiavgifter og også avtalar om energisparetiltak. I Noreg har veksthusnæringa hatt ein merkbar inntektsreduksjon m.a. som fylgje av høg oljepris.

Vil statsråden ta initiativ for å sikra meir stabile og forutsigbare rammevilkår for denne næringa?


Les hele debatten