Spørretimespørsmål fra Per Steinar Osmundnes (KrF) til utviklingsministeren

Om å rette inn bistanden til Afghanistan slik at han er formålstenleg og ikkje undergrev sjansen for stabil og god utvikling

Datert: 24.01.2002
Besvart: 30.01.2002 av utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson

Per Steinar Osmundnes (KrF)

Spørsmål

Per Steinar Osmundnes (KrF): Det har i den seinare tid vore stilt spørsmål knytta til framtidig fordeling av bistanden i det krigsramma Afghanistan. Pressa har referert til ein forskingsrapport frå Chr. Michelsens Institutt som åtvarar mot ei massiv innsprøyting av midlar til gjenoppbygging av landet etter 20 år med krig og naturkatastrofar.

Kva vil statsråden gjere for å rette inn bistanden slik at han er formålstenleg, og ikkje undergrev sjansen for stabil og god utvikling i Afghanistan?


Les hele debatten