Spørretimespørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

Om å følgja opp stortingsvedtaket om ein gjennomgang av økonomien i Luftfartsverket, og å forsikra om at det ikkje vert gjort større endringar i lufthamntilbodet før Stortinget har handsama saka

Datert: 07.02.2002
Besvart: 20.02.2002 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): I behandlinga av finansinnstillinga gjorde Stortinget vedtak om å be Regjeringa føreta ein gjennomgang av økonomien i Luftfartsverket og vurdera behov for tilleggsløyvingar eller andre tiltak i 2002. Regjeringa vart vidare bedt om å koma tilbake til Stortinget med dette på eigna måte så raskt som mogleg.

Korleis har statsråden planar om å følgja opp dette vedtaket, og kan ho forsikra om at det ikkje vert gjort større endringar i lufthamntilbodet før Stortinget har handsama denne saka?


Les hele debatten