Spørsmål
Olav Akselsen (A): FN sin organisasjon for skipsfart, IMO, sin resolusjon A 931 gir etterlatne etter skipsulykker utan vilkår krav på utbetaling av erstatning ved ulykke og død. Gjennom media har det kome fram påstandar om at norske selskap fører ein praksis i strid med denne resolusjonen.
Kva vil statsråden gjera for å sikre at Noreg og norske selskap rettar seg etter denne resolusjonen?