Muntlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til nærings- og handelsministeren

Om kvifor ikkje forslaga om å fjerna skatt på arbeidande kapital og arveavgifta vert følgt opp, med bakgrunn i at næringslivet aksepterte utbytteskatt mot ei nedtrapping av formuesskatten

Datert: 24.10.2007
Besvart: 24.10.2007 av nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Kristeleg Folkeparti er oppteke av å ha ein næringspolitikk for heile mennesket. Det er i tråd med moderne leiingsfilosofi å sikra god balanse mellom arbeid og fritid, tid til familie og vennar, og det å kunna nyta frisk luft og vakker natur. Difor vil me gje sjølvstendig næringsdrivande gode trygdeordningar i samarbeid med svangerskap og fødsel, og me vil utvida pappapermisjonen.
Likevel er det slik at skatt og avgift er ein vesentleg føresetnad for å ha eit sunt og oppegåande næringsliv. I den nye skattemodellen, som vart innførd i førre periode, aksepterte næringslivet utbytteskatt mot ei nedtrapping av formuesskatten. Dette var i praksis ein samfunnskontrakt. Han er ikkje oppfylt. Det bekymrar oss i Kristeleg Folkeparti. Det er ei praktisk løysing som kan få brei tilslutning, og kan fjerna skatten på arbeidande kapital.
Eit anna forhold er at arveavgifta i dag rett og slett hindrar eit fornuftig generasjonsskifte i mange familiebedrifter. Kristeleg Folkeparti vil fjerna arveavgifta når neste generasjon driv familiebedrifta vidare i minst ti år. Me meiner at det er langsiktig tenking, og at det skal premierast i staden for å verta straffa. Eg har tidlegare spurt næringsministeren både om formueskatt på arbeidande kapital og arveavgift. Eg har fått ganske positive svar, så eg har vore litt optimistisk. Men det hjelper ikkje når Regjeringa nok ein gong legg fram eit statsbudsjett utan å gjera noko med formuesskatt eller arveavgift.
Kvifor vert ikkje dette følgt opp? Er ikkje forslaga interessante for næringsministeren? Eller er det rett og slett slik at han ikkje har fått gjennomslag i Regjeringa?


Les hele debatten