Muntlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til fiskeri- og kystministeren

Om kystnæringane sine rammevilkår vil verta betre ved at ein innfører ei kystsoneavgift

Datert: 09.01.2008
Besvart: 09.01.2008 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Sist laurdag vakna me opp til nyhendene om at Regjeringa vil gje adgang til å krevja avgift av alle som driv næringsverksemd i kystsona. Dette sende bølgjer av sjokk inn i ulike næringar som er avhengige av sjø og kystsoner. Dette vil svekkja ei sterkt konkurranseutsett næring, seier Norske Sjømatsbedrifters Landsforening. Energibedriftenes landsforening varslar auka nettleige. For eigen del må eg leggja til at forslaget ikkje kan vera koordinert med eit sterkt politisk ønskje om færre skjemmande, straumførande kraftliner.
Sidan spørsmålet mitt går til fiskeriministeren, vil eg fokusera på konsekvensane for næringane knytt til fiskeri og havbruk. Det desse næringane ikkje treng, er fleire og meir kompliserte avgifter, for Regjeringa har enno ikkje greidd å ordna opp i den svepa som NOx-avgifta har lagt om fiskerinæringa. Regjeringa har heller ikkje vist vilje til å sjå på fiskarfrådraget for å betra rekrutteringa til næringa. Dette er forvirrande. I tillegg har me Arbeidarpartiet sin uavklarte interne diskusjon om skatteauke eller ikkje. I fylgje Dagsavisen den 5. januar i år opnar nestleiaren i Arbeidarpartiet, Helga Pedersen, for å auka skattenivået i 2009. Det er tydeleg langt igjen til dei mykje omtala stabile og føreseielege rammevilkåra for næringslivet. Når det gjeld fiskeri og havbruk, har desse næringane faktisk ikkje noko alternativ til det å driva i sjøen og i kystsona.
Spørsmålet mitt er: Meiner verkeleg fikseriministeren at kystnæringane sine rammevilkår vil betrast ved at ein innfører ei slik kystsoneavgift?


Les hele debatten