Muntlig spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til barne- og likestillingsministeren

Om det vil bli sett på som diskriminerande at eit trussamfunn ikkje vil vie lesbiske og homofile, og kva for konsekvensar dette eventuelt vil kunne få når det gjeld statsstøtte

Datert: 23.04.2008
Besvart: 23.04.2008 av barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): I høyringa om forslag til ny ekteskapslov som var her på Stortinget på måndag, blei det uttrykt stor bekymring for trusfridomens framtidige kår. I forslaget til ny ekteskapslov seier Regjeringa at det er opp til Kyrkja å ta stilling til om ein vil vie likekjønna par. Samtidig seier Regjeringa at dei håpar Kyrkja vil skifte meining og vil vie homofile og lesbiske.

Barne- og likestillingsministeren har uttrykt dette på følgjande måte i avisa Vårt Land:

«Jeg har håp om at også religiøse trossamfunn er på glid i disse spørsmålene, …»

Forslaget til ekteskapslov forandrar ekteskapet i sin grunnstruktur. Det blir hevda at dagens skilje mellom ekteskap og partnarskap er diskriminerande. Dersom det er diskriminerande å ha ei ekteskapslov for det forpliktande forholdet mellom mann og kvinne, kor lenge vil det under ein ny rettstilstand vere legitimt å hevde dette tradisjonelle synet utan at samfunnet må slå ned på det som diskriminering?

Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring meiner at eit trussamfunn, dersom dei mottek statsstøtte, allereie i dag ikkje kan nekte å vie likekjønna par. Mange kyrkje- og trussamfunn opplever eit press frå Regjeringa om å endre syn. Dei er også usikre på kva for konsekvensar det vil få å forfekte at ekteskapet er eit forhold mellom mann og kvinne.

Eg har følgjande spørsmål til statsråden: Vil det bli sett på som diskriminerande at eit trussamfunn ikkje vil vie lesbiske og homofile? Og kva for konsekvensar vil dette eventuelt kunne få når det gjeld statsstøtte?


Les hele debatten