Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til samferdselsministeren

Om Regjeringa sitt forslag om å fjerne avgiftsfritaket for biodiesel vil bidra positivt eller negativt i arbeidet med å redusere utsleppa for vegtrafikken

Datert: 18.11.2009
Besvart: 18.11.2009 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Klimagassutsleppa frå vegtrafikken har i perioden 1990–2007 auka med gjennomsnittleg 2 pst. pr. år. I 2008 stod vegtrafikken for nærare 20 pst. av dei samla utsleppa av klimagassar i Noreg. Auka bruk av biodrivstoff er eit av dei enklaste og billigaste tiltaka for å redusere klimagassutsleppa frå vegtrafikken på kort sikt.
Biodiesel har fram til i dag vore unnateke frå autodieselavgifta, for å introdusere biodiesel som eit miljøvenleg alternativ til fossil diesel og gjere han konkurransedyktig i marknaden.
Kristeleg Folkeparti har med bakgrunn i klimaforliket støtta Regjeringa i innføringa av omsetjingspåbodet for biodrivstoff. I statsbudsjettet hevder likevel Regjeringa at innføring av omsetjingsforbodet har gjort avgiftsfritaket overflødig. Dette er feil.
Ei rekkje store transportbedrifter, som Schenker, Posten og Ruter, har på bakgrunn av avgiftsfritaket satsa stort på høginnblanding av biodrivstoff på sine kjøretøy. Transport- og kommunikasjonskomiteen har no gjennomført høringar med over 70 ulike høringsinstansar, og eit klart fleirtal av desse aktørane innleiar eller avsluttar sine innlegg med å stille seg heilt uforståande til at Regjeringa fjernar fritaket for biodiesel.
Mitt spørsmål er: Meiner statsråden at Regjeringa sitt avgiftsforslag vil bidra positivt eller negativt i arbeidet med å redusere utsleppa for vegtrafikken? Kva for klimatiltak vil statsråden no setje i verk på sitt område?


Les hele debatten