Muntlig spørsmål fra Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til justisministeren

Om det ikkje er å lønne kriminalitet at menneske som er komne ulovleg til Noreg automatisk blir medlem av folketrygda om dei hamnar i fengsel

Datert: 06.01.2010
Besvart: 06.01.2010 av justisminister Knut Storberget

Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Spørsmål

Kjell Ingolf Ropstad (KrF): Eg vil òg nytte høvet til å ønskje justisministeren godt nyttår ved å stille han eit spørsmål.
Han snakka i stad om eit nytt år med nye moglegheiter. Då lurer eg på om det er moglegheiter for menneske som er komne ulovleg til Noreg og gjer seg skuldige i kriminelle handlingar. For det ser ut i Aftenposten i dag som om dei har fått betre rettar. Det er nemleg sånn no at viss ein gjer ei kriminell handling, og kjem i fengsel, så har Regjeringa slått fast at då blir ein automatisk medlem av folketrygda. Viss ein gjer ei kriminell handling og får eitt års fengsel, blir ein medlem av folketrygda og har rett til å få dekt helseutgifter og pensjon. Viss ein gjer noko endå meir kriminelt og hamnar i fengsel i tre år, vil ein òg få rett til grunnpensjon når ein fyller 67 år. Dette kan vere menneske som oppheld seg ulovleg i Noreg, og som helst skulle ha sona heime. Og det er ut frå den tolkinga at sonar ein i Noreg, har ein rett til opphald.
Det å hjelpe menneske er viktig for Kristeleg Folkeparti, men korleis vurderer justisministeren, som også er asylminister, signaleffekten av å hjelpe desse menneska på den måten, og kva signal er det overfor miljø og enkeltmenneske som vurderer å gjere kriminelle handlingar i Noreg? Er ikkje dette eigentleg å lønne kriminalitet og å senke terskelen for å gjere seg skuldig i kriminalitet her i landet?


Les hele debatten