Spørretimespørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til olje- og energiministeren

Om kva som er gjort for å vurdere dei feil og manglar som klagarane meiner ligg i grunnlaget til konsesjonssøknaden for den nye _kraftlinja mellom Sima og Samnanger_, som møter sterk motstand både i lokalmiljøa og i politiske organ i Hordaland

Datert: 25.03.2010
Besvart på vegne av: Olje- og energiministeren
Besvart: 14.04.2010 av landbruks- og matminister Lars Peder Brekk

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Den nye 420 kV kraftlinja mellom Sima og Samnanger møter sterk motstand både i lokalmiljøa og i politiske organ i Hordaland. Det har no gått 1 1/2 år sidan klagehandsaminga starta. Dersom klagehandsaminga skal vere uavhengig og ha tillit hos alle partar set det store krav til klageorganet.
Har dei 50 klagene som er komne inn blitt vurdert av uavhengige fagmiljø, og kva konkret har departementet gjort for å vurdere dei feil og manglar som klagarane meinar ligg i grunnlaget til konsesjonssøknaden?


Les hele debatten