Muntlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Om når kommunane skal få det lyftet som fleirtalsregjeringa no har varsla i fem år, med bakgrunn i at kommuneproposisjonen varslar at kommunane skal få behalde ein mindre del av skatteinntektene

Datert: 02.06.2010
Besvart: 02.06.2010 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Kommunalministeren kan berre ta plass igjen. Eg har nemleg eit spørsmål om kommunane.
På mange område slit kommunane med ulike utfordringar på ulike frontar. I tillegg til streiken, som blir trappa opp i dag, har ein altså velferdsutfordringar, både på kort sikt og på lang sikt.
Mange ting går feil veg i Kommune-Noreg. Kommunane slit med dårleg økonomi. Gjeldsbyrda til kommunane har dobla seg dei fem åra Senterpartiet har sete med kommunalministeren. Vedlikehaldsetterslepet har auka, og tal viser også at kommunane ikkje fullt ut har råd til å nytte seg av gunstige rentefrie lån og tilskot til sjukeheimsutbygging. Det gjer sjølvsagt at kommunane blir dårlegare rusta til å møte framtidige utfordringar. Kommuneproposisjonen for 2011 gir heller ikkje nokon positive utsikter. Riktig nok er det vist til at dei skal få 4–5 mrd. kr meir. Men når ein tek omsyn til den demografiske utviklinga, at ein får ei aldrande befolkning og auka kostnader på grunn av det, og når ein også får auka pensjonskostnader i Kommune-Noreg, auka rentekostnader og også andre oppgåver, medfører det at kommunane ikkje får meir pengar.
Det er heller ikkje lagt inn noko incitament for at vi skal få til ei kommunesamanslåing, få til færre kommunar enn dei 430 vi har i dag – noko som kunne medført ei effektivisering av Kommune-Noreg.
Proposisjonen varslar også at kommunane skal få behalde ein mindre del av skatteinntektene. Dette er inga lysteleg lesing. Då er mitt spørsmål til kommunalministeren: Når skal kommunane få det lyftet som fleirtalsregjeringa no har varsla i fem år?


Les hele debatten