Spørretimespørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Om at kommunane Mosvik og Inderøy planlegg å slå seg saman til ein kommune, og om det er rimelig at den nye kommunen skal få reduserte inntekter pga. inntektssystemet til kommunane

Datert: 19.10.2010
Besvart: 27.10.2010 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Kommunane Mosvik og Inderøy planlegg no å slå seg saman til ein kommune. Fordi inntektssystemet til kommunane i dag premierer kommunar som ønskjer å vere uhensiktsmessig små vil dette medføre reduserte inntekter. Ifølgje rådmannen i Inderøy vil den nye kommunen få reduserte inntekter på 14 millionar kroner pr. år. Noverdien av eit slikt inntektstap er ca. 145 millionar kroner.

Synes statsråden at det er rimeleg at innbyggjarane i desse to kommunane skal måtte betale 145 millionar kroner til staten for å få slå seg saman?


Les hele debatten