Spørsmål
Jon Georg Dale (FrP): Sunnmørsposten skriv 3. mai at fagskulane i Møre og Romsdal har vekst i søkartala for komande studieår. Likevel er situasjonen at dersom fagskulane skal kunne utvide sitt tilbod vil dette gå ut over det vidaregåande tilbodet i fylket. Det at staten ikkje finansierer dette tilbodet medfører dermed både at ein vert hengande etter med teknologisk utstyr innan desse utdanningane, men også at den vidaregåande opplæringa får mindre rammer i fylket.
Vil statsråden no syte for statleg fullfinansiering av fagskulane?