Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til samferdselsministeren

Om hvordan regjeringen jobber for å sikre trygge og stabile kommunikasjonssystem, med henvisning til at telekommunikasjonen har gjort oss mer sårbare og at selv uskyldige hendelser kan sette systemet ut av spill

Datert: 25.05.2011
Besvart: 25.05.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Vi har opplevd ein kommunikasjonsrevolusjon som har forenkla og effektivisert samfunna våre. Men det har òg gjort oss meir sårbare, og da tenkjer eg på telekommunikasjon. Dersom han fell saman, stoppar landet vårt meir eller mindre opp. Den 18. mai opplevde me eit fiberbrot hos Telenor på Vestlandet. 23 000 kundar mista mobil-/fasttelefonsamband. Me veit at delar av Hordaland og Rogaland blei utan samband med NetComs nettverk. 5 pst. av 2G-sendarane blei sette ut. 10 pst. av 3G-sendarane blei ramma. Den 23. mai opplevde me eit nytt fiberbrot. Det var eit ròte tre og ein litt overivrig gravemaskin som resulterte i at over ti fylke blei ramma. Me opplevde at fly blei sette på bakken – all flytrafikk nord for Trondheim blei innstilt, bl.a. på grunn av desse to relativt uskyldige hendingane. I etterkant av den dramatiske hendinga 28. november 2007, da ei kortslutning på Oslo S førte til straumbrot i over 10 timar, opplevde me òg at samfunnskritisk verksemd blei ramma.
Me kan aldri sikre oss mot slike alvorlege hendingar, særleg dersom grupper bevisst jobbar for å setje systemet ut av spel. Etter den typen hendingar som me no har hatt, som påverkar systemet, er mitt spørsmål til statsråden: Korleis jobbar regjeringa for å sikre trygge og stabile kommunikasjonssystem? Da tenkjer eg på telefon og Internett.


Les hele debatten