Spørretimespørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til olje- og energiministeren

Om korleis føre-var-prinsippet blir praktisert ved planlegging av kraftlinjer, med bakgrunn i uro for at den planlagde 420 kW-linja Eikefjord i Flora kommune skal føre til auka kreftfare på grunn av stråling

Datert: 02.02.2012
Besvart: 08.02.2012 av olje- og energiminister Ola Borten Moe

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): I samband med utbygging av nye kraftlinjer blir det ofte stilt spørsmål om strålingsfare frå desse anlegga. I Eikefjord i Flora kommune er det stor uro for at den planlagde 420 kW-linja skal føre til auka kreftfare på grunn av stråling. Denne linja går nær skulen i bygda. I Norge er det slege fast at føre-var-prinsippet skal vere eit overordna prinsipp i norsk miljøpolitikk.

Korleis blir føre-var-prinsippet konkret praktisert ved planlegging av kraftlinjer, og kva vurderingar er gjort i dette området?


Les hele debatten