Muntlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Om når pengene kjem på bordet for å satse meir på førebygging og rehabilitering slik at eldre kan greie seg sjølv lenger, og leggje til rette eksisterande bustader, slik at ein kan bu der lenger

Datert: 08.02.2012
Besvart: 08.02.2012 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Til kommunalministaren: Dei siste dagane har vi kunne lesa og høyra at vår kjære kommunalminister har vore på studietur i Danmark. Det er vel sjeldan at Framstegspartiet ønskjer raud-grøne statsrådar hjerteleg velkomne tilbake til Noreg, men det føler vi at vi kan gjere denne gongen fordi denne studieturen synest å ha vore veldig vellukka. Det synest òg som at kommunalråden har hatt eit stort og monaleg fagleg utbytte av denne turen.

På mange måtar synest det å ha gått opp eit ljos for kommunalministaren, og det er sjølvsagt positivt.

I Aftenposten på måndag kunne vi lese følgjande:

«Navarsete tar knallhardt oppgjør med den norske velferdsstaten. Liv Signe Navarsete (Sp) innrømmer at Regjeringens politikk ikke holder mål i møte med eldrebølgen.»

Dette minner jo litt meir om ting som Framstegspartiet har sagt, men som vi er blitt kritiserte for, fordi vi då er så negative og pessimistiske. Men dette er jo positivt når det kjem frå regjeringa sjølv.

Det som statsråden peiker på, er jo at ein er nøydd til å satse meir på førebygging og rehabilitering, slik at eldre kan greie seg sjølv lenger, og at ein òg må investere i å leggje til rette eksisterande bustader, slik at ein kan bu der lenger.

Dette er jo nye tonar frå Senterpartiet. Seinast då vi behandla statsbudsjettet i november–desember, fremja Framstegspartiet forslag om 300 mill. kr meir til rehabilitering og 50 mill. kr meir til ei tilskotsordninga for å få livsløpsstandard i eksisterande bustader. Vi blei då nedstemt m.a. av Senterpartiet sine stemmer.

Så mitt spørsmål er då: Når kan dette materialisere seg? Og: Når kjem pengene på bordet? Får statsråden resten av regjeringa med seg på dette, eller er dette ei form for ny dobbeltkommunikasjon?


Les hele debatten