Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om at barnefattigdomen veks i omfang, og om regjeringa er fornøgd med dei resultata ein ser på dette området

Datert: 18.04.2012
Besvart: 18.04.2012 av statsminister Jens Stoltenberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Eg er einig med statsministeren i at me skal ikkje overprøve den type etatar som Finanstilsynet, men når Finanstilsynet då kjem med slike føringar, treng me kanskje andre tiltak for å føre ein god heilskap.
Men eg ville utfordre statsministeren på ei anna viktig problemstilling i vårt samfunn og òg dessverre ei problemstilling som veks i omfang. Det er altså 74 000 norske barn som veks opp i familiar med vedvarande lav inntekt. Me opplevde på 1990-talet at barnefattigdomen gjekk ned, og ei rekkje støtteordningar blei innførte. På heile 2000-talet har utviklinga gått i motsett retning. Me har òg opplevd at velferdsordningar er blitt lagde ned. For eksempel ser me at ytingar til barnefamiliane ikkje følgjer lønnsutviklinga. Ein rapport som er finansiert av Arbeids- og velferdsdirektoratet, slår fast at delen barnefamiliar har auka.
Fattigdom rammar enkeltmenneske ofte uventa og tilfeldig – ikkje alltid ufortent. Men for dei barna som blir ramma, er det alltid ufortent, og ein er heilt uskuldig i den situasjonen ein står i. Derfor har Kristeleg Folkeparti ved fleire anledningar foreslått tiltak. No seinast hadde me fordelingsmeldinga til behandling her i Stortinget. Me har foreslått auka eingongsstøtte, billegare barnehagar for fattige familiar. Me har sagt at kontantstøtte og barnetrygd må haldast utanfor når me utmåler sosialhjelp. Mitt spørsmål til statsministeren er: Når no regjeringa går inn i sitt sjuande år, er han fornøgd med dei resultata ein ser på dette området?


Les hele debatten