Muntlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Om kvifor regjeringa gjer det stadig vanskelegare for unge å etablere seg på bustadmarknaden, med bakgrunn i nye forbod, påbod og detaljreguleringar som gjer det dyrare å byggje bustader i Noreg

Datert: 09.05.2012
Besvart: 09.05.2012 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Aldri tidlegare har bustadene i Noreg vore dyrare enn dei er i dag. Det gjer at det blir stadig vanskelegare, spesielt for unge, å etablere seg på bustadmarknaden. Framstegspartiet har ofte skyldt regjeringa for å vere passiv. Men rett skal vere rett – det er ikkje på alle område at regjeringa er passiv. På eit spesielt område har regjeringa vore aktiv, og også kreativ: Når det gjeld å pønske ut nye forbod, påbod og detaljreguleringar som gjer det dyrare å byggje bustader i Noreg. Det gjer det sjølvsagt enda vanskelegare for unge å etablere seg på bustadmarknaden.

For ikkje lenge sidan kom regjeringa med forslag om universell utforming, som medførte at det skulle vere plass til rullestolar også i dei aller, aller minste bustadene. Det gjer sjølvsagt at spesielt dei minste bustadane kan bli vesentleg dyrare – og dei aller minste blir heller ikkje bygde lenger.

Det siste området som regjeringa har vist aktivitet på, er såkalla passivhus. Her er forslaget og planen at alle hus innan 2015 skal byggjast som passivhus. Det betyr at dei nærmast skal vere hermetisk lukka. Ein skal ikkje ha ventilar, ein skal ikkje ha luker, og vindauge skal heller ikkje kunne opnast i husa. Det er jo eit eksperiment, fordi vi veit lite om korleis dette vil fungere i vårt klima. Det kan bli problem med råte og mugg osv. Men det verste av alt er at dette vil vere eit nytt krav som vil gjere det enda dyrare å byggje bustader i Noreg.

Då er mitt spørsmål til kommunalministeren: Kvifor gjer regjeringa det stadig vanskelegare for unge å etablere seg på bustadmarknaden?


Les hele debatten