Muntlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Om det ikkje no hadde vore på tide å prøve med litt forenkling av bustadspolitikken i staden for å forvanske, med bakgrunn i nye forbod, påbod og reguleringar, som gjer det vanskelegare å byggje bustader

Datert: 10.10.2012
Besvart: 10.10.2012 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Den raud-grøne regjeringa har no sete med makta i sju år. Det som er interessant å merkje seg i den samanhengen, er at på dei områda som regjeringa ikkje har nokon politikk, ikkje har noko fokus, går det stort sett bra. Men på dei områda som regjeringa hevdar er viktige for dei, der dei ønskjer å ha eit fokus, og der dei har ein politikk, går det stort sett dårleg.
Bustadpolitikken er eit område som regjeringspartia hevdar er viktig for dei – eit satsingsområde. Der går det stort sett dårleg. Der manglar vi tomter, der manglar vi bustader. Der er det òg ein galopperande prisvekst, som gjer at mange unge har problem med å komme inn på bustadmarknaden. Kva er det då regjeringas bustadpolitikk går ut på? Der har regjeringa utvist særs stor kreativitet når det gjeld å pønske ut nye forbod, påbod og reguleringar, som gjer det vanskelegare og byggje bustader.
Plan- og byggingslova er blitt skjerpa. Det gjer at det tar veldig lang tid å regulere. Ein har i dag 22 statlege instansar, som har som oppgåve å hindre bustadbygging. Ein har ingen statlege instansar som har som oppgåve og fremje bustadbygging. Når det gjeld utforminga av bustadene, er regjeringa ute med sentralstyrde detaljreguleringar som set krav til bustadene, både om korleis vindauga skal vere og om korleis tettleiken i huset skal vere. No skal det også bli forbode med ventilar i bustadene, og ein skal også trykkteste bustadene. Dette har altså ikkje fungert.
Mitt spørsmål til kommunalministeren er: Hadde ikkje no vore på tide å prøve med litt forenkling i staden for å forvanske?


Les hele debatten