Muntlig spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til olje- og energiministeren

Om at den lenge venta energimeldinga atter ein gong er avvist, og om statsråden er komfortabel med denne måten å behandle Noreg si største eksportvare på, når vi ser dei endringane som skjer innanfor gass og dei energiformene som er viktige for landet vårt

Datert: 14.11.2012
Besvart: 14.11.2012 av olje- og energiminister Ola Borten Moe

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Mitt spørsmål går til Borten Moe.

Den 8. oktober i år kom ei pressemelding frå Olje- og energidepartementet, der ein på noko kryptisk vis avlyser den lenge venta energimeldinga. Dette reagerer svært mange på, og når ein leiter etter i historikken om energimeldinga, er ho eit skrekkeksempel på manglande føreseielegheit. Går vi nokre år tilbake, ser vi at statsråd Enoksen avviste behovet for ei energimelding, medan Åslaug Haga varsla ei stortingsmelding i 2007–2008. Så kom Terje Riis-Johansen og la Haga sitt prestisjeprosjekt på hylla seint i 2008. Så snur Riis-Johansen i 2010 og varslar at ei energimelding kjem likevel, og det blei sett ned eit energiutval for å lage ein NOU. Dagens statsråd, Borten Moe, mottek energiutgreiinga i 2012, og OED legg fram status for energipolitikken, samtidig med statsbudsjettet, og kvitterer med dette ut energiutgreiinga. Med andre ord: Energimeldinga er atter ein gong avvist.

Meiner statsråden at denne mangelen på føreseielegheit er måten å behandle Noreg sine viktigaste næringar på, ikkje minst på bakgrunn av at vi er ein av verdas største energinasjonar og at inntektene frå dette representerer ein tredjepart av landets inntekter – og dermed òg det velferdssamfunnet vi kjenner i dag? Det tek altså sju år og fire statsrådar frå Senterpartiet, og det står på staden kvil. Maken til mangel på handlekraft!

Er statsråd Borten Moe verkeleg komfortabel med denne fullstendig uføreseielege måten å behandle Noreg si største ekstportvare på, når vi ser dei endringane som skjer innanfor gass, innanfor alle dei energiformene som er viktige for landet vårt?

Les hele debatten