Muntlig spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til miljøvernministeren

Om kva statsråden vil gjere for å sikre at innbyggjarar og lokaldemokrati får reell innverknad på lokale plansaker

Datert: 09.01.2013
Besvart: 09.01.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Mitt spørsmål er til miljøvernministeren og går på lokaldemokratiske utfordringar og overkøyring av lokale vedtak. Eitt eksempel – og der er dessverre mange – er ei sak frå Karmøy om omkøyringsvegen forbi Åkrehamn, som er eit prosjekt i den såkalla Haugalandspakken. Her var Statens Vegvesen, Rogaland fylkeskommune og ikkje minst Karmøy kommune einige om trasévalet, men Fylkesmannen kom med motsegn. Miljøverndepartementet, ved statsråden, valde å fullstendig overkøyre lokaldemokratiet og lar Åkrehamn sentrum og alle som bur der – 9 000 menneske – ta belastninga med 12 000 bilar i døgnet. Dette viser at dei raud-grønes snakk om betydinga av lokaldemokratiet berre blir prat og kjem i eit meget underleg lys.

Også ein rapport utarbeidd av Asplan Viak for KS bekreftar at motsegn blir brukt svært aktivt og oftast i strid med lokaldemokratiets syn i reguleringssaker. Erfaringar viser at av 140 kommuner som reviderte eller utarbeidde kommuneplanar, blei heile 137 møtte med motsegn. I alle desse tilfella kunne ein slå fast at dagens praksis med motsegn verken var einsarta eller på nokon måte føreseieleg. Ja, det blir til og med fremma motsegn i saker der det ikkje på nokon måte er dokumentert konfliktar med regionale eller nasjonale interesser og mål.

La meg vere tydeleg på dette: Framstegspartiet aksepterer ikkje at vi har ein statsråd som sit passiv og ser at synet til kommunane, i 137 av 140 saker når det gjeld regulering av lokaldemokratiet, blir feia til side. Kva vil no statsråden gjere? Vi har hatt denne diskusjonen tidlegare, om kor stort talet på motsegn er. Kva vil statsråden gjere for å sikre at innbyggjarar og lokaldemokrati får reell innverknad på lokale plansaker?


Les hele debatten