Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til kunnskapsministeren

Om statsråden er fornøgd med eigen innsats når me ser at resultata for fråfall i vidaregåande skule ikkje er blitt betre sjølv om kamp mot fråfall skulle vere jobb nr. ein

Datert: 29.05.2013
Besvart: 29.05.2013 av kunnskapsminister Kristin Halvorsen

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Kvar tredje elev på den vidaregåande skulen fullfører ikkje skuleløpet. Det er mange. Ja, det er faktisk ein like stor del som dei hovudsspørsmålsstillarane som i dag valde feil talarstol!
Kristin Halvorsen har sagt at dette ikkje berre er eit problem for dei som fell frå, men for heile samfunnet. Kristin Halvorsen har òg sagt at kamp mot fråfall er jobb nr. ein.
I går kom resultata. Etter åtte år med raud-grønt styre får me altså resultata for den raud-grøne regjeringa. Og eg må seie at det ikkje er bestått når 31 pst. ikkje gjennomfører vidaregåande opplæring. Det er tilnærma det same som i 2005. Blant elevar på yrkesfag er det 45 pst. som droppar ut, og dei har inga formell utdanning etter fem år i den vidaregåande skulen. Me ser òg at det er betydelege sosiale forskjellar.
Statsråden lar dette skje og har ikkje prioritert dei tiltaka som verkar, og som fungerer.
Kristeleg Folkeparti vil ha fleire lærarar og endå betre lærarar. Me vil ha fleire yrkesgrupper inn i skulen. Me vil innføra ein eigen fråfallspott for å prioritera utsette elevar og konkrete tiltak. Me vil prioritera heim–skule-samarbeidet, og ikkje minst vil me ha ein meir praktisk skulekvardag.
Mitt spørsmål er: Er statsråden fornøgd med eigen innsats når me ser at for det som er jobb nr. ein, er ikkje resultata blitt betre?


Les hele debatten