Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om hvorvidt det er på tide å stille krav om _responstid for politiet_ på lik linje med det vi har for nødetatene innenfor brann og ambulanse

Datert: 06.11.2013
Besvart: 06.11.2013 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Det er første gong Stortinget er samla etter den fryktelege hendinga i nærleiken av Årdal. Tre personar blei drepne, og våre tankar går til lokalsamfunn, dei pårørande, og dei som har mista sine kjære. Me kjenner selvfølgeleg ikkje heile biletet og alle detaljane i denne saka, og me må derfor vere forsiktige med å dra konklusjonar, men eg ser at politidirektør Humlegård allereie er klar på at det tok for lang tid før politiet var på plass, og justisministeren hadde i går eit pressepunkt der han gjekk langt i å antyde det same. Tillitsvald for Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane meiner det er meir ein hovudregel enn eit unntak at ambulanse og brannbil er framme på åstaden før politiet, og i denne konkrete saka kan mykje tyde på at ambulansen var på plass ein time før politiet kom til åstaden.
Da Gjørv-kommisjonen la fram sin rapport i fjor haust, konkluderte dei med at politiets responstid er for lang. Med denne tragiske saka får me ei ny påminning om at me er nøydd til å prioritere responstida.
Eg vil ikkje kritisere verken etatar eller enkeltpersonar, men eg ønskjer å stille eit prinsipielt spørsmål om politiets responstid. Mitt spørsmål til statsministeren er om det no er på tide å stille krav om responstid for politiet på lik linje med det me har for nødetatane innanfor brann og ambulanse.


Les hele debatten