Muntlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til statsministeren

Om statsministeren meiner at færre politi i distrikta vil gjere at politiet kjem raskare fram til ulukkesstader, med bakgrunn i politianalysen som legg opp til stor sentralisering av politiressursane

Datert: 06.11.2013
Besvart: 06.11.2013 av statsminister Erna Solberg

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Mitt hovudspørsmål til statsministeren er knytt til den same saka. Dette er eit tema som angår alle. At folk skal kjenne tryggleik, uansett kor dei bur, er noko av det viktigaste me som politikarar har ansvar for. Folk skal vite at dersom noko skjer, skal ikkje hjelpa vere langt unna, anten det gjeld brann, helse eller politiet sine tenester. Me har i seinare tid sett at det har vore fleire tragiske hendingar, ikkje minst i den delen av landet som eg kjem frå. Det samanfallande for dei hendingane, er at politiet har vore dei som har kome sist til staden uavhengig av kva type hending det har vore.
Me skal ikkje dra konklusjonar i dag, har mange sagt. Eg er samd i det. Men denne type hendingar krev at me reflekterer rundt det og lærar av dei, og at me diskuterer korleis me kan betre tryggleiken for dei som bur rundt om i landet.
Me er einige om at politiet kom for seint her. Granskingane skal vise kva som svikta. Men dette er altså berre ei av mange hendingar, som viser at politiet kjem sist, og for seint til staden. Den største utfordringa ligg utanfor dei store byane. Det har kome ein politianalyse som legg opp til stor sentralisering av politiressursane. Den er grundig på nokre område, samtidig som den ber preg av mål om effektivisering – det å samle store kompetanseeiningar og å styrkje etterforsking av alvorleg kriminalitet. Det er spørsmål om korleis dette skal samanfalle med at folk skal kjenne tryggleik der dei bur. Eg vil derfor spørje statsministeren: Meiner ho at færre politi i distrikta vil gjere at politiet kjem raskare fram til ulukkesstader, der kriminaliteten skjer? For det kunne ha kome utrykking frå lensmannskontoret i Årdal, som var berre 20 minutt unna, ved hendinga i Årdal nyleg.


Les hele debatten