Spørsmål
Geir Inge Lien (Sp): Omskjering av jenter er ulovleg, medan rituell omskjering av gutar er lovleg, også om det skjer utanfor helsevesenet.
Meiner statsråden at jenter og gutar bør få same rettsvern og gå inn for å forby omskjering også av smågutar, og viss regjeringa arbeider med eit framlegg om å regulere praksisen, vil statsråden ta kontakt med helse- og omsorgsministeren for å sørgje for at rettssikkerheita til gutar ved skade eller død som følgje av rituell omskjering blir lik jenters rettssikkerheit?