Spørretimespørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Om kva statsråden vil gjere for å redusere talet på arbeidsulukker med døden til følgje, spesielt med tanke på dei unge

Datert: 24.02.2014
Besvart: 05.03.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): TV2 hadde søndag 23. februar ein djupt tragisk reportasje om Mathias som omkom i ei arbeidsulukke, berre 20 år gammal. I reportasjen kom det også fram at nær 25 pst. av dei som døydde i arbeidsulukker i fjor, var under 27 år. Dette kan vere eit resultat av at mange unge blir sett til krevjande arbeidsoppgåver utan naudsynt opplæring og oppfølging. Totalt var det 48 menneske som døydde på jobb i 2013.
Kva vil statsråden gjere for å redusere talet på arbeidsulukker med døden til følgje, spesielt med tanke på dei unge?


Les hele debatten