Muntlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om statsråd Høie vil leggja fram for Stortinget ein nasjonal sjukehusplan der Stortinget – som øvste politiske eigar – gjer vedtak om akutt- og fødetilbodet i landet

Datert: 14.05.2014
Besvart: 14.05.2014 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Mitt hovedspørsmål går til statsråd Høie: Helse og sjukehus er eit vesentleg politisk område, der behovet for debatt og folkevald innverknad er stort. Føretaksmodellen frå 2002 skulle gjennom statleg eigarskap av sjukehusa sikra ein heilskapleg nasjonal utvikling av spesialisthelsetenesta. Ifølgje foretaksloven skulle Stortinget ta avgjerder i saker «av vesentlig betydning», slik som nedlegging av akutt- og fødetilbod samt store sjukehusinvesteringar, men slik har det ikkje vorte.
Stortingsrepresentanten Høie har – som Senterpartiet – gjentekne gonger vist til behovet for ein nasjonal sjukehusplan, vedtatt i Stortinget, der regjeringa sitt ansvar også vert tydeleggjort. Då vil den lokale politiske innverknaden styrkast ved at stortingsrepresentantane må representera folkeviljen i sitt valdistrikt.
Kommunane si interesseforeining for lokalsjukehus har nettopp fått utarbeidd ein rapport: «Helsereformer på feil premisser». Rapporten konkluderer med at foretaksreformen har ført til svekt overordna politisk styring. Rapporten viser at dersom helseforetaka sine planer vert gjennomførte, vil talet på sjukehus med akuttfunksjonar verta redusert frå dagens 49 sjukehus til under 30. Sjølv med dagens sjukehusstruktur er Noreg det landet i Norden som har den klart største delen av befolkninga med over ein times reiseveg til nærmaste sjukehus.
Ut frå dette faktum vil statsråd Høie leggja fram for Stortinget ein nasjonal sjukehusplan der Stortinget – som øvste politiske eigar – gjer vedtak om akutt- og fødetilbodet i landet.


Les hele debatten